Øystese jeger- og fiskarlag, Postboks 17, 5604 Øystese, postmaster@oystesejfl.org

Fiske

Heim Fiskekort Fiske, kart Øystese jeger- og fiskarlag

Fiskestellutvalet:

Leiar: Halvor Torpe, tlf: 47754699

Medlem: Magnar Augestad, tlf: 91379660

Medlem: Frode Melstveit, tlf: 90783948

Varamedlem: Torbjørn Toft, tlf: 91314395

 

Det er flust av moglegheiter for fiske både i sjø og ferskvatn i vårt nærområde. Me har flott fjord rett utanfor stoveglasa våre og ikkje minst eit flott fjellområde med mange vatn og elvar. Det er i laget sin interesse at desse vatna/vassdraga vert tekne vare på og ikkje minst vert nytta til godt fiske. ØJFL administrerer kortsal og kultiveringsarbeid i Øystese Aust grunneigarlag sitt område. Dette området strekkjer seg frå Øystese i sør, til Hamlagrø/Voss i Nord, Øystese Vest/Fuglafjell/Vaksdal i Vest og mot Fyksesund/Botnen/Flatabødalen  i aust. Nærare beskrivelse finn du på kartet.

For tida driv laget kultivering av Fitjadalsvatn, det har her vore og vert gjort eit omfattande arbeid med oppfisking, slik at vi seinare kan få gleda av å prøve fiske etter aure med betre kvalitet og storleik. Det vert og brukt not for opptak av fisk, som så vert bore ut til kjødnar og vatn som treng tilførsel av fisk. Fiskestellgruppa har god hjelp frå ungdomsgruppa i dette arbeidet.

Skulestangprosjektet har vore ein sikker vinnar dei siste åra. Kor mange elevar som har prøvt seg med meitestanga er ikkje så godt å seie, men mesteparten av 3 og 4 klassane i Kvam har/eller kjem til å få vere med på dette opplegget, som for mange kanskje er dei fyrste forsøk på å lure fisken.