Øystese jeger- og fiskarlag, Postboks 17, 5604 Øystese, postmaster@oystesejfl.org

Fitjadalen

Heim

På Kvam Herad sitt område Blekel ved Fitjadalsvatn har laget dei siste åra vore aktive  med å byggje bryggje, toalett og eit grindbygg for grilling o.l. Det heile byrja med at laget fekk løyve til å byggje ei brygge m/båtfeste. I 2001 vart så bryggja sett opp, og båt kom på plass. Båten kan leigast av alle. Nøklar kan lånast på statoilstasjonen i Øystese. Våren 2003 sette så Hardanger Fartøyvernsenter opp eit grindbygg på området. I grindbygget er det byggt benker og grill i naturstein, så sjølv om det skulle kome ein regnskur, så sit du tørt og godt i grindbygget. Toalettet er bygd med lukka tankar for å hindre utslepp i miljøet og vil verte tømt etter behov. 17 juni 2004 vart anlegget offiselt opna. Mesteparten av arbeidet er gjort på dugnad av medlemmer i laget, og ikkje minst med god støtte frå Herad, lokale bedrifter og andre frivillige organisasjonar.

Alle bygga er tilrettelagt for rørslehemma, vi må då spesielt nevne at på bryggja er det heis for rullestolbrukarar slik at rørslehemma skal få moglegheit til ein tur på Fitjadalsvatn, gjerne med fiskestong. N.B! brukar må ha hjelpar for å nytta heisen for rørslehemma, båten er utstyrt med spesialsete for dette bruk.