Øystese jeger- og fiskarlag, Postboks 17, 5604 Øystese, postmaster@oystesejfl.org

Medlemsfordeler

Heim

Det er mange gode grunnar for at nettopp du skal verte medlem i ØJFL. Laget har avtale med Øystese aust grunneigarlag om rimelege fiskekort i deira område. Vi har eigen jegertrapbane på Melstveit med gode prisar for medlemmer.

Minst eitt jegerprøvekurs i løpet av året, då med dyktige instuktørar som har gode lokalkunnskapar.

Sosialt samvær med mange forskjellige aktivitetar. Du treffer folk med same interesser som deg sjølv. Vi har også ei aktiv ungdomsgruppe, du finn meir info om dei her.

Medlemmer av ØJFL får 10% rabatt på grøne jaktkle, våpen og ammunisjon hos Mo Sport i Norheimsund mot å vise fram medlemskort i laget. 

Vi har eige klubbhus "Vetleheimen" i Meierihola, her har vi alle våre møter og det er og moglegheiter for flugebinding, lading av ammunisjon o.l.

For medlemmer har laget div. utstyr til utleige, vi kan nevne kano, lavvo, båt i Fitjadalen og div. fiskeutstyr.

Naturlegvis har NJFF sentralt mange medlemsfordeler, bladet Jakt og fiske, forsikringsavtaler, straum  og drivstoffavtaler. Men meir om dette finn du NJFF si heimeside.

For  å bli medlem klikk her.