
Elvautvalet:
| Funksjon | Namn | Telefon |
| Leiar | Jan Ove Børve | 416 87 932 |
| Medlem | Harald Flotve | 951 21 007 |
| Medlem | Leiv Sandven | 56 55 58 39 |
| Varamedlem | Jan Ove Laksemo |
Øystese JFL administrerer fiske etter sjøaure og laks i Øysteseelva. Elva er inntil vidare stengt for fiske
Stamfiskanlegg har vi ved klubbhuset vårt "Vetleheimen" som ligg i meierihola like ved Øysteseelva, dette anlegget er utgangspunkt for stamfiske og rognplanting i elva
Fiskestellutvalet:
| Funksjon | Namn | Telefon |
| Leiar | Torbjørn Toft | 913 14 395 |
| Medlem | Frode Melstveit | 907 83 948 |
| Medlem | Magnar Augestad | 913 79 660 |
| Varamedlem | Arvid Huun |
Det er flust av moglegheiter for fiske både i sjø og ferskvatn i vårt nærområde. Me har flott fjord rett utanfor stoveglasa våre og ikkje minst eit flott fjellområde med mange vatn og elvar. Det er i laget sin interesse at desse vatna/vassdraga vert tekne vare på og ikkje minst vert nytta til godt fiske. ØJFL administrerer kortsal og kultiveringsarbeid i Øystese Aust grunneigarlag sitt område. Dette området strekkjer seg frå Øystese i sør, til Hamlagrø/Voss i Nord, Øystese Vest/Fuglafjell/Vaksdal i Vest og mot Fyksesund/Botnen/Flatabødalen i aust. Nærare beskrivelse finn du på kartet. For tida driv laget kultivering av Fitjadalsvatn, det har her vore og vert gjort eit omfattande arbeid med oppfisking, slik at vi seinare kan få gleda av å prøve fiske etter aure med betre kvalitet og storleik. Det vert og brukt not for opptak av fisk, som så vert bore ut til tjørnar og vatn som treng tilførsel av fisk.